top of page

Historien vår

GAMMAL BILDE LAGER.jpg

Lærdal Installasjonsservice Molde & Molde vart stifta 1. nov 1981 med kontor og lager i Jotunheimen og Valdresruta sine lokal i Lærdal. Me vart seinare omgjort til AS under navnet Lærdal Installasjonsservice AS. I 1984 starta me opp avdelingskontor på Årdalstangen med eigen montørbase og selskapet hadde ein rask vekst både i privat og næringsmarkedet både i Lærdal og Årdal.

 

I 1985 bygde me eige forretningsbygg i Brattegjerde som installasjonsavdelingen flytte inn i og som me fortsatt held til i.

I 1986 kjøpte me opp Årdal Elektriske sin avdeling i Lærdal og eitt år etter kjøpte me avdelinga dei hadde i Årdal. Me var no blitt ein betydeleg leverandør av elektrotenester med elektrobutikk og installasjonsavdelingar både i Lærdal og Årdal.

 

I 1991 vart forretningsbygget i Brattegjerde utvida med bygetrinn 2 og me fekk adresse Hansegardsvegen 1. Me samla då butikk og installasjon under same tak.

 

Butikkane vart etter kvart avvikla og me satsa alt på installasjonsverksemda.

 

Etter kvart som vegsambanda vart betre mellom Årdal og Lærdal vart kontoret i Årdal lagt ned og alt blir drifta frå Lærdal. Slik vegsambanda er blitt med korte avstandar er no Lærdal, Årdal og Aurland sett på som eitt erbeidsmarked. Men me er ikkje framand for å ta på oss oppdrag både aust og vest for oss.

bottom of page